Heim

Gratis poker - Null risiko - Ekte spenning

Er du klar for å teste pokerfjeset?
Vi inviterar til pubpoker med lave skuldre, høg stemning og mykje moro. Samle venner, bestill noko godt i baren og kjemp om heder, ære og kanskje nokre små premiar.
Dette handlar 100% om topp stemning.

Dato:

18. september

30. oktober

28. desember

Registrering frå kl. 17:30

Start ca. kl. 18:00

Tid:

Kvar:

Restaurant Kraftverket, Jølstraholmen Landskapshotell

Send oss gjerne ei melding

Skulle det vere sånn at du har meldt deg på, men ikkje kan komme alikavel? Vi set stor pris på ei melding slik at vi kan frigjere plass til andre.
Skjemaet kan og nyttast til skryt ;)

 
 
 
 

Om pubpoker

Kva er pubpoker?

Pubpoker i Noreg er ei uformell form for pokerturneringar som vert arrangerte på pubar og barar rundt om i landet. Tilbodet er som regel heilt gratis å delta på, utan krav om innkjøp eller innsats. Pubpoker er først og fremst eit sosialt og inkluderande pokeropplegg, og har dei siste åra vorte svært populært i byar som Oslo og Trondheim.


Kva går pubpoker ut på?

Pubpoker vert arrangert på vanlege utestader og er ope for alle som har lyst til å spele poker i ei avslappa og hyggeleg ramme. Det vert ofte spela turneringar der mange spelarar startar samtidig, og etter kvart vert spelarar slått ut til det står att éin vinnar for kvelden.

Arrangementa er meinte som sosiale møteplassar – ikkje som gambling for pengar. Pubpoker er ei fritidsaktivitet og ein hobby som passar for alle nivå, frå nybyrjarar til meir erfarne pokerspelarar.


Korleis fungerer det?

Pubpokerturneringar er vanlegvis gratis å delta i, og er difor heilt lovlege i Noreg så lenge det ikkje vert kravd innsats av økonomisk verdi. Mange arrangørar tilbyr små premiar, poengsystem eller samlerangeringar over fleire kveldar for ekstra motivasjon og speleglede.

Når ein vert slått ut av hovudturneringa, kan ein ofte delta i sideturneringar som til dømes one-table eller Sit & Go, slik at kvelden kan halde fram for alle som ønskjer det.


Kvifor har pubpoker vorte så populært?

Pubpoker gir folk moglegheit til å spele poker i ei uformell og sosial setting, bli kjende med nye menneske og ha det hyggeleg på ein pub – utan den formelle og pengeretta stemninga mange forbinder med kasino.

Mange arrangørar og pokerentusiastar meiner òg at pubpoker er med på å løfte poker ut av skyggene og gjere spelet meir synleg, inkluderande og tilgjengeleg for fleire.

Ofte stilte spørsmål

Kva er premien?

Diverse verdikupongar, gåvekort og anna stesj frå lokale bedrifter. 

Korleis er stemninga?

Basert på erfaringar frå tilsvarande arrangement andre stader i fylket. HEILT KONGE!

Kva slags poker snakkar vi om?

Freezeout Texas Hold’em. Alle startar likt. Når sjetongane er borte, er det slutt – men ikkje kvelden. 

Er restauranten open?

Of course! QR kode på bordet, så serveringa kjem til deg.

Kor lenge varer det?

Vanskeleg å seie. Normalt så avsluttast turneringa rundt 6-7 timar etter start. Chip-leader kl. 01.45 vinn om det ikkje vert kåra vinnar innan den tid. 

Om eg ryk ut tidleg?

Slapp av. Då set vi i gang Sit’n Go-turneringar med premie – så du får ein sjanse til å ta revansj før kvelden er over.

Kven kan vere med?

Alle over 18 år. Har du spelt litt før, eller berre sett mykje poker på TV? Det held lenge. Dealerane hjelper, og ingen ler (i alle fall ikkje høgt).

unsplash